Reven (frå latin Vulpecula) er eit lyssvakt stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det vart identifisert på 1600-talet og ligg midt i Sommartrekanten (ein asterisme som består av dei lyssterke stjernene Deneb, Vega og Altair).

Reven
Reven
Reven
Latinsk namn Vulpecula
Forkorting Vul
Genitivsform Vulpeculae
Symbologi Namngitt av Hevelius
Rektasensjon 20 h
Deklinasjon 25°
Areal 268 kvadratgrader
nr. 55 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Alfa vulpeculae (α Vul) (4,44. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −55°

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Reven slik det er for det nakne auga.

Stjerner endre

Det er ingen stjerner som er meir lyssterk enn 4. storleiksgrad i dette stjernebiletet. Den mest lyssterke stjerna er α Vulpeculae med magnitude 4,44m. Ho er ei raud kjempe som ligg 297 lysår. Stjerna er ei dobbeltstjerne som kan skiljast frå kvarandre i ein kikkert. Stjerna har det tradisjonelle namnet Anser.

I 1967 vart den første pulsaren, PSR B1919+21, oppdaga i Reven av Antony Hewish og Jocelyn Bell i Cambridge. Medan dei leitte etter scintillasjon for radiosignal i kvasarar, observerte dei pulsar som gjentok seg med ein periode på 1,3373 sekund.[1] Dei utelukka at signalet kunne kome frå jorda, sidan tida det tok for lekamen til å dukke opp att var sidereal dag og ikkje ein soldag. Anomalien vart til slutt identifisert som ei raskt roterande nøytronstjerne. Femten år seinare vart den første millisekund-pulsar, PSR B1937+21, oppdaga i Reven, berre nokre få grader på himmelen frå PSR B1919+21.[2]

I Reven ligg HD 189733 b, ein av dei nærmaste eksoplanetane. I 2014 vart det rapportert at det vart funne kjemisk signal etter vassdamp i atmosfæren til denne planeten. Sjølv om atmosfæretemperaturen på HD 189733b er over 1 000 °C og det derfor ikkje er mogeleg å bu der, aukar dette sjansen for å finne vatn på andre meir jordliknande planetar i framtida.

Djupromsobjekt endre

 
Manualtåka

To kjende djupromsobjekt ligg i Reven. Manualtåka (M27), er ei stor, lys planetarisk tåke som vart oppdaga av den franske astronomen Charles Messier i 1764 som ein av dei første av sitt slag. Han er synleg i ein kikkert på stader med mørk himmel, som ei svakt skinande skive kring 6 bogeminutt i diameter. Brocchihopen (Collinder 399) er ein asterisme ein tridlegare trudde var ein open hop. Denne vert òg kalla «Kleshengjaren» på grunn av mønsteret til stjernene gjennom ein kikkert eller lite teleskop.

NGC 7052 er ein spiralgalakse i Reven som ligg 214 million lysår frå jorda. Det er eit supermassivt svart hòl med ein masse på 300 millionar solmassar i kjernen. Kring galaksen ligg ei skive med støv, som ein trur er restane av ein mindre galakse som vart slått saman med NGC 7052. Ein kan sjå jettar som stråler ut frå galaksen og han har ei særs kraftig radiostråling. Dette tyder at han vert klassifisert som ein radiogalakse.[3]

Kjelder endre

  1. Hewish, A.; Bell, S. J.; Pilkington, J.D.H.; Scott, P.F.; Collins, R. A. (1968). «Observation of a Rapidly Pulsating Radio Source». Nature 217 (5130): 709–713. Bibcode:1968Natur.217..709H. doi:10.1038/217709a0. Henta 6. juli 2007. 
  2. D. Backer; et al. (1982). «A millisekund pulsar». Nature 3,0 (5893): 315–318. Bibcode:1982Natur.300..615B. doi:10.1038/300615a0. 
  3. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3.  |access-date= requires |url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Reven

Koordinatar:   20h 00m 00s, +25° 00′ 00″