Opna hovudmenyen

Ribbungane (av norrønt språk: røvar) var ei gruppering i borgarkrigstida i Noreg. Gudolf frå Blakstad og andre tidlegare baglarar vart usams med kong Håkon Håkonsson og organiserte opprettinga av ribbung-partiet. Ribbungane ville ha Sigurd Ribbung til konge. Ribbungane kjempa mot birkebeinarane, og kan sjåast som eit slags framhald av baglarane. Sigurd Ribbung var rekna som son av Erling Steinvegg, og med dette soneson av kong Magnus Erlingsson. Frå 1219 heldt Ribbungane fram Sigurd som kongsemne. Ribbungane fekk i røynda berre makt på Austlandet. Sigurd Ribbung døydde i Oslo, men ribbungane prøvde å halda dette løynd. Året etter tapte ribbungane fleire trefningar mot kongsmennene, og vart etter kvart nedkjempa.

BakgrunnEndra

I 1217 døydde Filippus Simonsson, den siste baglarkongen. Skule Bårdsson handla raskt og tilbydde baglarane forsoning under Håkon som konge. Baglarane godtok dette, oppløyste flokken sin og gav seg under kong Håkon. Dermed var Noreg igjen samla under ein konge. Enkelte gamle baglarar som kom dårleg ut av forliket fann eit nytt kongsemne, Sigurd Ribbung, som dei sa var son av baglarkongen Erling Steinvegg, og reiste ein ny opprørsflokk, ribbungane. Sigurd Ribbung gjekk etter kvart med på å overgi seg til Skule, og tok del i riksmøtet i Bergen i 1223. Seinare rømte han og fornya opprøret sitt. Etter at han døydde av sjukdom tok ribbungane Knut Håkonsson som kongsemne. Dei vart endeleg slått i 1227 då Knut overgav seg til kong Håkon og fekk forlik med han.

BakgrunnsstoffEndra