Ricco Groß (fødd 22. august 1970) i Schlema i DDR) er ein tysk skiskyttar. Han er ni gonger verdsmeister (fire gonger individuelt, fem stafettar) og fire gonger olympisk meister (i stafett).

Ricco Groß


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 22. august 1970 (54 år)
Bad Schlema
Idrett skiskyting
Tok del i biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's sprint, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint menn, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's pursuit, biathlon at the 1992 Winter Olympics – men's relay, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett menn, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay

Som junior representerte han DDR. Han har vore på elitelandslaget sidan 1990, og har tatt medalje i fem vinter-OL på rad. Gross sin første verdsmeistertittel kom på stafetten i Lahti i 1991. Den første individuelle tittelen vann han på 20 km i Brezno-Osrblie i 1997. I OL var Gross med på å vinna stafettgull tre gonger på rad mellom 1992 og 1998. Dei siste VM-titlane kom i jaktstart og på stafett i Oberhof i 2004.

Gross er gift med Katrin, og har tre søner, Marco (f. 1995), Simon (f. 1998) og Gabriel (f. 2004). Klubben hans er Ski Club Ruhpolding.

Kortfatta merittliste

endre

(pr. 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff

endre