Richard Dawkins
Clinton Richard Dawkins (fødd 26. mars 1941) er ein britisk etolog, evolusjonsbiolog og populærvitskapsforfattar som held Charles Simonyi Chair for Public Understanding of Science ved Oxford University.
Richard Dawkins | |
![]() | |
Fødd | 26. mars 1941 (80 år) Nairobi |
Yrke | evolusjonsbiolog, etolog, vitskapleg forfattar, vitenskapsformidler, essayist, biologiteorisk forsker, kunnskapsteoretiker, sosiobiolog, manusforfattar, biolog, universitetslærar, skribent, zoolog, skodespelar, forfattar, genetikar |
Richard Dawkins på Commons |
Dawkins er mest kjend for boka The Selfish Gene (norsk: Det egoistiske genet) (1976), som populariserte det gensentriske synet på evolusjon. Boka introduserte òg omgrepet mem og var såleis med på å grunnlegga disiplinen memetikk. I andre bøker har han argumentert for korleis gen kan verka på andre kroppar enn den dei sjølv sit i (The Extended Phenotype, 1982), og for evolusjon ved naturleg utval generelt.
Dawkins er ein ateist, humanist og skeptikar, og eit framståande medlem av den såkalla Brights-rørsla. På grunn av forsvaret sitt av darwinistisk evolusjon vert han stundom omtala som «Darwins rottweiler», eit ordspel på Thomas Huxleys epitet «Darwins bulldog».
Dawkins' seinaste bok er The God Delusion (2006), som er ein kritikk av religion. I boka hevdar han mellom anna at religionar urettmessig har ein privilegert immunitet mot kritikk.
PublikasjonarEndra
BøkerEndra
- The Selfish Gene (1976, 1989, 2006) ISBN 0-19-286092-5
- The Extended Phenotype (1982, 1999) ISBN 0-19-288051-9
- The Blind Watchmaker (1986, 1991, 2006) ISBN 0-393-31570-3
- River Out of Eden (1995) ISBN 0-465-06990-8; lydbok (2000) ISBN 0-7528-3985-3
- Climbing Mount Improbable (1996) ISBN 0-393-31682-3
- Unweaving the Rainbow (1998) ISBN 0-618-05673-4
- A Devil's Chaplain (2003) ISBN 0-618-33540-4
- The Ancestor's Tale (2004) ISBN 0-618-00583-8; lydbok (2005) ISBN 0-7528-7321-0
- The God Delusion (2006) ISBN 0-618-68000-4
Utvalde essaysEndra
- Viruses of the Mind [1] (1993) – religion som eit mentalt virus
- The Real Romance in the Stars (1995) – eit kritisk blikk på astrologi
- The Emptiness of Theology (1998) – eit kritisk blikk på teologi
- Snake Oil and Holy Water (1999) – Dawkins' argument om at det ikkje er noko konvergens mellom vitskap og teisme
- Bin Laden's Victory (2003) – Guardian-leiar som argumenterer for at Osama bin Laden var Irak-krigens vinnar
- What Use is Religion? (2004) – argumenterer for at religion ikkje har nokon overlevelsesverdi for anna enn seg sjølv
- Race and Creation (2004) – om omgrepet rase, bruken av det og ein teori om korleis ddet utvikla seg.
- The giant tortoise's tale, The turtle's tale og The lava lizard's tale (2005) – ein serie på tre artiklar skrive etter eit besøk på Galápagos-øyene
BakgrunnsstoffEndra
Nettsider
- The Richard Dawkins Foundation, offisiell heimeside
- Den noverande Simonyi-professoren: Richard Dawkins
- The World of Richard Dawkins, ekstensiv nettstad om Dawkins
- The Third Culture: Richard Dawkins, Edge.org-profil