Opna hovudmenyen

[[Fil:Richard Howe, 1st Earl Howe - Project Gutenberg eText 18314.jpg|mini|Richard Richard Howe' (8. mars 17265. august 1799) var ein britisk admiral.

Richard Howe
Lord Howe on the Deck of the 'Queen Charlotte', 1 June 1794 RMG L8418.jpg
Fødd 8. mars 1726
London
Død

5. august 1799
London

Yrke militær, politikar
Richard Howe på Commons

13 år gammal gjekk han inn i marinen og ungdomstida si gjorde han reiser og krigar i utlandet. I 1744 vart han løytnant, og i 1758 arva han lordskapet etter bror sin, og avanserte raskt til kommandør. Han vart medlem av parlamentet i 1757, lord av amiralitetet i 1765, avanserte frå 1770 gjennom alle amiralsgradane, og vart i 1783 den første lord av amiralitetet, 1788 earl og storamiral samt 1795 general for marinen.

Blant dei mange krigsgjerningane Howe medverka i, finn ein raidet mot Cherbourg (1758), provianteringa av Gibraltar (1782) trass den overlegne spansk-franske flåten, som omleira festninga, og den store sigeren over den franske flåten i slaget ved Ouessant 1. juni 1794. Gjennom styret sitt over matrosane, som gav han kallenamnet «Svarte Dick», lukkast han i 1797 i å stoppe eit stort mytteri på flåten.

KjelderEndra