Rigmor

kvinnenamn

Rigmor er eit kvinnenamn av dansk opphav, truleg ei omlaging av tysk Richmute, samansett av ord for 'rik, mektig' og 'hugrørsle, mot'. «Mot» blei endra til «mor» i eldre dansk.[1]

Rigmor Lange
Rigmor Gustafsson
Rigmor Dam

Namnet var mykje bruka i mellomkrigstida.

Rigmor har i Noreg namnedag 7. februar, i Sverige 27. september.

Bruken av namnet i Noreg endre

  • I folketeljinga i 1801 var ingen manntalsførte med dette namnet.
  • I teljinga frå 1900 var det om lag 50 som heitte Rigmor.
  • I 2007 var det om lag 4250 som hadde Rigmor til første fornamn.

I kulturen endre

Rigmor er namnet på heltinna i romanen Valdemar Sejr (1826) av B.S. Ingemann.[1]

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Alhaug, Gulbrand (8. juli 2020). «Rigmor». Store norske leksikon (på norsk bokmål).