Rike (av norrønt ríki, 'herredøme') er eit landområde der ei viss makt herskar. Omgrepet kan visa til eit større rike (også kalla imperium), til mindre sjølvstendige og suverene statar, eller til lydrike som på visse område er underlagd eit anna styre. Omgrepet kan også ha ei religiøs tyding der ein kan snakka om Guds rike, himmeriket eller dødsrike.

Kjente rike gjennom tidene er mellom anna Romarriket, Det osmanske riket og Det tysk-romerske riket. Moderne landnamn som Sverige (Svearike) og Austerrike (Österreich) er også danna med nemninga rike.

Omgrep som har med statsmakt og styre eller som gjeld for eit visst rike kan ha nemningar med riks- i seg, som riksforstandar, riksdalar, riksmål, riksadvokat, rikskringkasting eller innanriks. Ein kan bruka nemninga til å skilja mellom folk som høyrer til eit rike og dei som ikkje gjer det. I Finland kan ein til domes kalla svenskar frå Sverige for «rikssvenskar» medan svensktalande finnar blir kalla «finlandssvenskar». På same vis kan tysktalande i Luxembourg, Elsass, Sveits og Austerrike kalla tysktalande frå Tyskland for «rikstyskarar» (Reichsdeutschen).

Ordsoge endre

Ordet «rike» er nærskyld med adjektivet «rik», og finst i alle germanske språk. Det har røter til urgermansk og har indoeuropeiske kognatar, til dømes sanskrit rājyám, rāyàm, rājyam ('herravelde, kpngadøme, rike').[1] På latin finn ein kongsnemningane rex og regina som motsvar, og i gammalgallisk finst rix, som i Dumnorix og Vercingetorix.

Annan bruk endre

Innan biologisk taksonomi snakkar ein også om rike, då om eit fåtall større grupper ein deler organismar inn i, som dyreriket og planteriket.

Kjelder endre

  1. «Rike» i Svenska Akademiens ordbok