Rikgass er ei nemning brukt for rå naturgass som blir transportert gjennom gassrøyrleidningar. Dette er gass i den blandinga av komponentar som han førekjem i frå utvinningsbrønnen. Komponentane er både tørre gasskomponentar (metan) og våte komponentar som etan, propan, butanar, pentanar osb. Før gassen av denne blandinga førast inn i røyrleidninga kan fragment av væsker eller anna ureiningar vere tatt bort.

Gassrøryrleidningar som fører gass frå olje-og gassfelt på norsk kontinentalsokkel til anlegg for gasshandsaming på land transporterer rikgass. Døme på slike røyrleidningar er Polarled frå Aasta Hansteen-feltet til Nyhamna gassbehandlingsanlegg, Statpipe-røyrleidningen frå Statfjord-feltet til Kårstø-anlegget og rikgassrøyrleidningar frå felta Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram til Kollsnes prosessanlegg i Øygarden kommune.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra