Rikkyouniversitetet

Rikkyouniversitetet (立教大学, Rikkyou Daigaku), eller St. Paul's University som det heiter på engelsk. er eit japansk kristent universitet i Ikebukuro i Toshima i Tokyo. Det vart skipa i 1883 av ein misjonær frå den anglikanske amerikanske episkopalkyrkja med amerikanske skular som førebilete. Skulen fekk universitetsstatus i 1907. Universitetet har også hatt tilhald i Niiza i Saitama prefektur sidan 1958.

Hovudinngangen til Rikkyouniversitetet..

Universitetet er internasjonalt orientert og er med i mange internasjonale program og prosjekt. Rikkyo har kontakt med fleire enn 140 utanlandske utdanningsinstitusjonar for utveksling av lærarar, studentar og prosjektsamarbeid. Universitetet tek i mot fleire enn 700 utanlandske studentar. Rikkyo har ca 20.000 studentar og ca 2.700 fagleg og administrativt tilsette.

Kjelder endre