Fylkesveg 252

(Omdirigert frå Riksveg 252)
Fylkesveg 252
252
Ved Tyin hotell
Ved Tyin hotell
Strekning
TyinEidsbugarden
Fylkesveg 252
Informasjon
Lengd 19,3 km
Status
Fylke
fylkesveg
Oppland
Kvalitet Grusdekke
Restriksjonar
Vinterstenging Heile vegen
(oktober - juni)
Sjå òg fylkesveg 252 (fleirtyding).

Fylkesveg 252 (Fv252) er vegstrekninga som går mellom det tidlegare Tyin Hotell og Eidsbugarden. Strekninga er 19,3 km lang. Vegen er normalt vinterstengd, vanlegvis mellom oktober og juni. Fylkesveg 252 er ein av dei få riksvegane som har fått halde grusdekket sidan han har verdi i forhold til Nasjonal verneplan for vegar og bruer. Dei andre er mellom anna fylkesveg 258 (Gamle Strynefjellsveg) og fylkesveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).

Med utgangspunkt ved fylkesveg 53, ved det tidlegare Tyin Hotell ved sørenden av Tyin, går vegen langs den austre breidda av Tyin til Tyinholmen ved nordenden av Tyin og frå der vidare til Eidsbugarden ved austenden av Bygdin.

Vegen vart bygd først på 1950-talet og første bilen køyrte vegen i september 1954. Vegen kom til som ei forlenging av riksvegen mellom Eidsbugarden og Tyinholmen og hadde status som riksveg heilt til forvaltingsreforma trod i kraft 1. januar 2010. Frå denne datoen har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

  Oppland endre

Vang kommune

Bakgrunnsstoff endre