Fylkesveg 31
primær fylkesveg i Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Riksveg 31)
Fylkesveg 31 | |||
---|---|---|---|
31 | |||
Strekning | |||
Røros – riksgrensa | |||
Informasjon | |||
Lengd | 45,9 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
30 84 |
- Sjå òg Fylkesveg 31 (fleirtyding)
Fylkesveg 31 (Fv31) er ein veg mellom Røros og riksgrensa ved Vauldalen. Vegen har ei lengd på 45,9 km.
Han tar av frå riksveg 30 i Røros og går austover forbi Brekken til riksgrensa ved Vauldalen. Vegen held fram i Sverige med vegnummer 84 til Sveg og vidare til Hudiksvall.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltningsreformen tredde i kraft har han status som fylkesveg.