Fylkesveg 53

veg i Oppland og Sogn og Fjordane
(Omdirigert frå Riksveg 53)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 53 (fleirtyding).
Fylkesveg 53
53
Tyinvegen, vest for Tyin
Tyinvegen, vest for Tyin
Strekning
LærdalVang
Fylkesveg 53
Informasjon
Lengd 71,6 km
Status
Fylke
fylkesveg
Innlandet
Vestland
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 53 Fylkesveg 53
Restriksjonar
Nattestenging Tyin - Årdal
(om vinteren)

Fylkesveg 53 (Fv53) er vegstrekninga som går mellom Tyinkrysset i Vang og Lærdal, via Årdal. Veglengda er 71,6 km, av dette 13,3 km i Innlandet og 58,3 km i Vestland.

Strekninga er mest kjend for fjellovergangen Tyin–Årdal, som i utgangpunktet ikkje er vinterstengd, men som kvar vinter har kolonnekøyring eller må stengast mellombels på grunn av uvêr, rasfare eller anna.

Med utgangspunkt ved Tyinkrysset går fylkesvegen av frå E16 ved Tyinkrysset, forbi det tidlegare Tyin Hotell, langs den sørvestre breidda av Tyin, over fjellet og ned til Øvre Årdal, vidare langs den sørlege breidda av Årdalsvatnet til Årdalstangen og så langs den sørlege breidda av Årdalsfjorden før vegen endar i riksveg 5 ca. 1,5 km frå Fodnes ferjekai.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

Historikk

endre

Vegen gjekk opphavleg berre mellom Tyin og Årdalstangen, der han gjekk til dåverande Årdalstangen ferjekai og trekantsambandet Kaupanger-Lærdal-Årdal. I 1982 vart vegen forlenga til Naddvik, og i 1993 heilt til Fodnes og nye Fodnes ferjekai med ferjesamband til Kaupanger. To år etterpå opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai, ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og Fodnesstunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Med dette vart vegen mellom Fodnes og Aspvikane del av Rv5, og Aspvikane vart det nye endepunktet til Fv53.

Kommunar og knutepunkt

endre
Vang i Valdres
Årdal
Lærdal

Bakgrunnsstoff

endre