Opna hovudmenyen

Riksveg 7

veg i Buskerud og Hordaland
Riksveg 7
Stamveg 7 logo
Strekning
GranvinHønefoss
Riksveg 7
Riksveier Buskerud Hordaland.svg
Informasjon
Lengd 387,6
Status riksveg
nasjonal turistveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Stamvei E16.svg  Riksvei 13.svg  Riksvei 35.svg  Riksvei 52.svg 
Restriksjonar
Kolonnekjøring
om vinteren
Hardangervidda

Riksveg 7 (Rv7) er ein riksveg som går mellom Hønefoss i Ringerike kommune og Brimnes i Eidfjord kommune, gjennom Hallingdal og over Hardangervidda. Vegen er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet.

Før 1. januar 2010 var vegen stamveg mellom Hønefoss og Gol, Fylkesveg 7 var også del av vegen og Riksveg 7 gjekk tidlegare mellom Trengereid i Bergen kommune til Hønefoss.

VegforklaringarEndra

Strekninga mellom Hønefoss og Sokna på Ringerike (ca. 25 km) kallast Soknedalsvegen, medan strekninga frå Sokna til Geilo kallast Hallingdalsvegen. Begge strekningane har høg biltettleik (spesielt i helger og høgtider) og er svært ulukkestyngd.

Vegen tek av frå E16 ved Sørum i Heradsbygda i Ringerike kommune og går gjennom Soknedalen til Sokna på Ringerike (Soknedalsveien), og vidare over til Hamremoen og opp langs heile austsida av Krøderen til Gulsvik og vidare opp Hallingdal gjennom Flå, Nesbyen, Gol, Torpo, Ål, Hagafoss og til Geilo (Hallingdalsvegen). Derfrå går vegen over Hardangervidda via Ustaoset og Haugastøl, og passerer Vøringsfossen på veg ned Måbødalen til kommunesenteret Eidfjord i Eidfjord kommune og vidare langs Eidfjorden til Brimnes ferjekai der det går ferje til Bruravik.

Strekninga mellom HalneHardangervidda og Steinsdalsfossen i Kvam herad er nasjonal turistveg og ligg i Hardanger. Sjå også Fylkesveg 7.

HistorieEndra

Eidfjord, Måbødalen og HardangerviddaEndra

Den første vegen langs Eidfjordvatnet mellom Vik (Eidfjord) og Sæbø i Eidfjord kommune var ferdig i 1891. Som del av vegen var en 25 meter lang tunnel og en 90 meter lang halvtunnel. Tunnelen vert hevda å vere Noregs fyrste vegtunnel, og eksisterer framleis. I 1906 var køyrevegen ferdig til garden Måbø nedst i Måbødalen og i 1916 til Fossatromma øvst i dalen. Fossli hotell (teke i bruk 1887), som ligg på platået over Måbødalen, fekk køyreveg i 1921. I 1928 vart vegen opna til Haugastøl og i 1943 til Geilo.

Ny veg i Måbødalen, med fire tunnelar, vart opna i 1986.[1]

Den gamle vegen gjennom Måbødalen er foreslegen verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[2]

Kommunar og knutepunktEndra

  Hordaland Endra

 
Brimnes ferjekai sett frå M/F «Melderskin»
 
Riksveg 7 passerer Vøringsfossen ved kanten av Hardangervidda.
 
Riksveg 7 ved Halnefjorden på Hardangervidda.
 
Haugastøl
 
Ustaoset
 
Rotneim i Gol
Granvin
Ulvik
Eidfjord

  Buskerud Endra

Hol

Rv7
Ustedalen

Lienvegen
Rv7

Ål
  • Fv246 frå Sundre til Holu
  • Fv245 frå Ål til Ål stasjon (0,4 km)
  • Fv244 frå Gullhagen til Rødungstølen (24,4 km)
  • Fv242 frå Torpo vest til Barskrind (6,8 km)
  • Torpo
  • Fv240 frå Torpo aust til Grandokken (6,3 km)
Gol
  • Fv223 frå Rotneim til    Spildra
  •    frå Klemma til    Borlaug i Lærdal
  •   Hemsil vest (ca. 30 m)
  •   Hemsil aust (ca. 35 m)
  • Gol
  • Fv222 frå Gol sør til Gol stasjon (0,7 km)

Heradvegen

Nes i Buskerud

Rv7

Flå
  • Fv203 Tollevsrud
  •   Fv203 frå Flå kirke til Tollevsrud (9,6 km)
  • Fv202 frå Gulsvik til Veteren (7,1 km)
 
Hallingporten tunnel ved Gulsvik.
Krødsherad
Ringerike

Hallingdalsvegen

 
Riksveg 7 langs Krøderen mellom Ørgenvika og Veikåker, sett frå Norefjell.
  • Planlagd ny vei Sokna - Ørgenvika, 17 km lang, 20 km innkorting. Opnar omtrent 2015. Arbeidet tok til hausten 2011, 17 km lang, 20 km innkorting, den nye traseen går til dels parallelt med Bergensbanens trase, kostnad om lag 1,56 miliardar kroner, 52 % bompengefinansiert. Opnar før sommarferien 2014.[3]

Soknedalsvegen

  • Planlagd ny veg Ramsrud - Kjeldsbergsvingene, 5 km lang. Opnar omtrent 2011.
  •      Soknedalsveien
  • KjelderEndra

    Artikkelen byggjer på «Riksvei 7» henta frå Wikipedia på bokmål 5. januar 2010. Der vart desse referansane gjevne:

    FotnotarEndra

    1. trolltoget.no: Ferdsel og vegbygging i Måbødalen gjennom tidene
    2. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (se avsnitt om Måbødalen og Tokagjelet)
    3. http://www.vegvesen.no/Riksveg/Sokna lese på nett 26.11.12

    BakgrunnsstoffEndra