Fylkesveg 82

veg i Nordland
(Omdirigert frå Riksveg 82)
Fylkesveg 82
82
Strekning
Fiskebøl – Stormoen i Andenes
Fylkesveg 82
Informasjon
Status fylkesveg
nasjonal turistveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 82
Sjå òg fylkesveg 82 (fleirtyding)

Fylkesveg 82 (Fv82) er ein veg som går mellom Fiskebøl og Andenes.

Vegen kryssar Hadselfjorden med ferje og følgjer sør- og austsida av Hadseløya frå Melbu til Stokmarknes. Vidare på bruer til Langøya og langs austsida av Langøya til Sortland. Der går vegen over Sortlandsbrua til StrandHinnøya, og går nordover langs vestsida av Hinnøya til Andøybrua. Frå Risøyhamn går vegen langs austsida av Andøya. Mellom Skarstein og Andenes går vegen inn på øya. Vegstrekninga over Kjølhågen mellom Skarstein og Andenes er særs utsett for sterk vind, og vegen vert stengd når vinden er for sterk.

Strekninga mellom Fiskebøl og Strand i Sortland var ein del av europaveg 10 fram til Fastlandssambandet til Lofoten vart opna 1. desember 2007.

Strekninga på europaveg 10 mellom Å og Melbu fekk status som Nasjonal turistveg Lofoten 6. september 2007. Ferjesambandet Fiskebøl - Melbu er framleis ein del av turistvegen etter at Fastlandssambandet til Lofoten opna.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

 
 
 
 

  Nordland endre

Andøy kommune
Sortland kommune
Hadsel kommune

Bakgrunnsstoff endre