Ringane til Jupiter
Ringane til Jupiter er eit system av planetariske ringar kring Jupiter. Dei vart oppdaga i 1979 på bilete tekne av Voyager 1 som flaug forbi Jupiter. Ringane til Jupiter vert delte opp i tre hovuddelar: gossamer-ringane, ein brei og flat hovudring og ein tjukk indre ring kalla haloen.
Ringane er sannsynlegvis støv kasta av små månar under nedslag av andre objekt. Gossamer-ringane vert avgrensa av banene til Amalthea og Thebe, medan Adrastea og Metis går i bane rett utanfor hovudringen.
Kjelder
endre- Jupiter: Rings - NASA Solar System Exploration
Bakgrunnsstoff
endre- Talverdiar for ringane Arkivert 2015-10-24 ved Wayback Machine. ved Rings Node-systemet til NASA