Opna hovudmenyen
Ringsel
Ringsel
Ringsel
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ringsel
Utbreiinga av ringsel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Pusa
Art: Ringsel P. hispida
Vitskapleg namn
Pusa hispida

Ringsel eller snadd (Pusa hispida eller Phoca hispida) er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Streifdyr kan vandra sør til Portugal, New Jersey og California. Han er òg påtruffen nær Nordpolen. Det finst òg ringsel i Bottenvika, i Ladogasjøen og i Saimen. Ringselen er om lag 115-136 cm lang og veg 40-65 kilo. Dei et små fisk og skaldyr og kan leva i opptil 50 år. Ringsel har vore ein viktig del av kosthaldet for arktiske folkeslag sidan det kom menneske til området og det vert framleis fanga titusenvis av ringsel i året i Grønland og Canada. I Bottenvika, Ladogasjøen og Saimen er ringselen freda.[1] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på ringsel på Svalbard utanom naturreservat i jakttida.[2]

FotnotarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Ringsel