Ringvassøy kyrkje

Ringvassøy kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1977 som ligg på Hansnes i Karlsøy kommune i Troms. Kyrkja er bygd i betong og har 400 sitjeplassar. Arkitekt var Nils Toft.

Ringvassøy kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Karlsøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø domprosti
Sokn Karlsøy
Fellesråd Karlsøy
Arkitekt Nils Toft
Teknikk Mur
Innvigd 12. juni 1977
Preikestol Av teglstein (1977)
Døypefont Av teglstein (1977)
Altartavle Kross av Marie Fangell (1991)
Orgel Starup (1980)
Sitjeplassar 400
Kart
Ringvassøy kyrkje
69°57′58″N 19°37′17″E / 69.9661°N 19.6213°E / 69.9661; 19.6213
Wikimedia Commons: Ringvassøy kirke

Tanken om å byggje kyrkje på Hansnes vart lansert i etterkrigsåra da bygda vart etablert som kommunesenter i Karlsøy kommune. Det fyrste forslaget vart fremja formelt i 1953, og lenge var det snakk om å flytte Karlsøy kyrkje frå Karlsøya til Hansnes. Men lite skjedde før prestesetet òg vart flytta til Hansnes i 1970.

Biskop Kristen Kyrre Bremer vigsla kyrkja 12. juni 1977 etter at bygdefolket hadde samla inn store summar til bygginga.

Inventar endre

Over altaret heng ein keramisk kross som er laga av kunstnaren Marie Fangel frå Tromsø. Harald Bodøgaard har laga ei gulldue som heng over døypefonten, medan Bjørg Heggstad Jakhelln har laga eit vevd teppe. Finn Henrik Bodvin har laga fem tresnitt med ulike bibelske motiv. Orgelet er frå 1980 og har 13 register.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre