Risfjorden ved Skarsvåg

fjord i Nordkapp kommune i Finnmark

Risfjorden er ein fjord på nordsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørvestover til fiskeværet Skarsvåg i botn av fjorden.

Risfjorden
fjord
Skarsvåg.JPG
Skarsvåg ligg inst i Risfjorden
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Nordkapp

Risfjorden ved Skarsvåg
71°7′4″ N 25°51′57″ E

Fjorden har innløp mellom Børneset i vest og Reinskinneset i aust. Heilt ytst på austsida av fjorden ligg vågen Lille Skarsvåg. Ytst i fjorden ligg òg holmane Lille Skikka, Barden og Rusholmen. Skarsvåg ligg på vestsida, nesten heilt inne i fjorden. Fjorden er 48 meter på det djupaste, like ut frå Lille Skarsvåg.

Vest for Børneset går Vestfjorden, medan Kaldfjorden ligg aust for Reinskinneset.

Koordinatar: 71°7′3.5724″N 25°51′57.370″E