Wantsum

(Omdirigert frå River Wantsum)

Wantsum er ei elv i grevskapet Kent, England. Ho er ei sideelv til Stour. På området der Wantsum og den nedre delen av Stour i dag renn låg tidlegare Wantsumkanalen, eit sund som skilde Isle of Thanet frå fastlandet i Kent. I dag er Wantsum ikkje stort meir enn ei dreneringsgrøft som byrjar like austom Reculver, renn sørover gjennom dei rike jordbruksområda på den tidlegare havbotn, og munnar ut i Stour ved Stourmouth. Frå vest kjem sideelva Sarre Penn (lokalt òg kalla Fishbourne Stream, som lauper saman med Wantsum ved Sarre.[1]

Wantsum
elv
Wantsum i dag. I romersk tid var dette eit to kilometer breitt sund der havgåande fartøy kunne segle.
Land  England
Grevskap Kent
Lengd 10,8 km
Kjelde ved Reculver 21°22′44″N 01°12′13″E
Kart
Wantsum
51°22′0″ N 1°13′0″ E
Kart over elva Stour og sideelvene, med Wantsum lengst nord.
Kart over elva Stour og sideelvene, med Wantsum lengst nord.
Kart over elva Stour og sideelvene, med Wantsum lengst nord.
Wikimedia Commons: River Wantsum

Beda sa på 700-talet at Wantsum – altså Wantsumkanalen – var tre furlong brei (ca 600 meter). I 1414 fanst det enno ei ferje som kryssa over Wantsum ved Sarre, men i 1550 var Thanet ikkje lenger ei øy. Ved Reculver bygde romarane eit fort som låg rundt 1,5 kilometer frå sjøen, medan historikaren John Leland på første delen av 1500-talet sa at Reculver låg 400 meter frå sjøen, og den store stormen i 1809 tok til slutt med seg halve fortet. Det blir hevda at det eroderte materialet vart frakta langs kysten og med tida blokkerte den nordlege munningen til Wantsumkanalen.[2]

Wantsum og Sarre Penn ved Sarre

Kjelder endre

  1. Kent.gov.uk Crab and Winkle Way (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 7. september 2006, henta 6. juli 2011 
  2. Jessup, Frank (1966). Kent History Illustrated. Maidstone, Kent: Kent Education Committee. s. 72.