Rjukan kyrkje

kyrkje i Tinn kommune

Rjukan kyrkje er ei krosskyrkje i Tinn kommune i Telemark.

Rjukan kyrkje
kyrkje
Rjukan kyrkje
Foto: Roar Johansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Rjukan
Fellesråd Tinn
Type Krosskyrkje
Arkitekt Carl og Jørgen Berner (1915),
Asbjørn Stein (1968)
Material Stein
Innvigd 21. desember 1915
 - Endringar 1965–68
Klokker 2, Olsen Nauen, 1967
Kyrkjegard Nei
Døypefont Av stein, 1915
Altartavle Glasmåleri av Torvald Moseid i fondveggen, 1965
Orgel Vestre orgelfabrikk, 1968
Sitjeplassar 350
Kart
Rjukan kyrkje
59°52′46″N 8°36′27″E / 59.87948611°N 8.60738333°E / 59.87948611; 8.60738333
Wikimedia Commons: Rjukan kirke

Kyrkja vart teikna av brørne Carl og Jørgen Berner, som vann ein arkitektkonkurranse, og innvigd i 1915. I 1927 vart kyrkja ramma av ein flaum som utløyste stein- og jordskred. I 1953 datt taket ned, men ingen kom til skade. I 1965 brann kyrkja innvendig under innspeling av filmen Heroes of Telemark. Deretter vart ho bygd om innvendig etter planar av Asbjørn Stein, slik at ho i dag i praksis er ei arbeidskyrkje, sjølv om ho har ei meir tradisjonell ytre framtoning.

Kyrkjegården og gravkapellet er ein annan stad i byen, sør for jernbanelina.

Kjelder endre

  • Dahle, Kjell Gunnar (1990). Rjukan kirke 1915 - 1990. Rjukan. 
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Rjukan kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 112-113. ISBN 82-90695-00-4. 
  • «Rjukan kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 

Bakgrunnsstoff endre