Roar Grønvold

norsk skeiseløpar, fotballspelar, skeise- og fotballtrenar og fysioterapeut

Roar Grønvold (fødd 19. mars 1946) er ein norsk tidlegare skeiseløpar, fødd i Sandsvær. Han vart norsk firkampmeister i 1972, same året som han vart nummer to både i EM og VM og tok to sølvmedaljar under Vinter-OL i Sapporo. Grønvold var medlem i Holmestrand og Botne Skøyteklubb, deretter i Tønsbergs Turnforening.

Roar Grønvold


Roar Grønvold under EM 1970 i Innsbruck

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1946 (78 år)
Ytre Sandsvær kommune
Idrett lengdeløp på skeiser, fotball
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Skeise-VM 1972 for menn, Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp, EM på skøyter 1970, menn, EM på skøyter 1971, menn, EM på skøyter 1972, menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 1500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 5000 meter herrer

Grønvold vann junior-NM 1964, men fekk ikkje noko gjennombrot før 1970-sesongen. Under noregsmeisterskapen 1970 i Skien kom han på andreplassen bak Dag Fornæss, plasseringar som vart nøyaktig dei same då firkamp-NM 1971 fann stad i Moss.

1972-sesongen vart den store for Grønvold. På nyåret vart han noregsmeister på heimebane i Tønsberg, framom Fornæss og Sten Stensen. To veker seinare vart han andremann bak nederlendaren Ard Schenk i europameisterskapen i Davos. Under vinterleikane i Sapporo kom han sølvplassen både på 1500 meter og 5 000 m, også her var Schenk hans overmann. To veker syrgde Schenk enno ein gong for at Grønvold måtte nøye seg med andreplassen då firkamp-VM vart avvikla på Bislett stadion i Oslo.

Grønvold deltok i proff-EM 1973 og 1974, også i desse meisterskapane enda han på trinn to på sigerspallen. I 1973 vart han nummer tre i proff-VM.

Kjelder endre