Robert D. Levin
- For den norske pianisten, sjå Robert Levin.
Robert D. Levin (fødd 13. oktober 1947) er ein vidkjend amerikansk konsertpianist, komponist og musikkvitar med historisk oppføringspraksis som hovudfelt. Det kanskje viktigaste verket hans er fullføringane hans av fleire ufullførte Mozart-verk — særleg Requiem i d-moll og Große Messe i c-moll. På oppdrag frå John Eliot Gardiner har han nyarrangert manglande orkesterstemmer til fem satsar frå kantatar av J.S. Bach. Som utøvar er han mest kjend for arbeidet sitt som hammarklavérsolist for klassiske konsertar, og særleg for si fagleg gjennomførte handsaming av verk av Mozart. Som utøvar prøver han å atterskapa oppføringspraksis frå tida til komponistane, inkludert improvisasjon av lange kadensar. Han er kjend for å lære musikk snøgt, og han hevdar å kunna lære eit praktisk tala kva som helst slags standard klavérverk på under tre veker.
Robert D. Levin | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1947 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Edition of Contemporary Music | ||
Verka som | musikkforskar, musikkhistorikar, komponist, pianist | ||
Prisar | Bach Medal |
Verk endre
Eigne komposisjonar endre
- 2 klarinettsonatar (1961; 1967–1968)
- 2 korte klavérstykke (1966–1967)
- Fagottsonate (1965–1966)
- Treblåsarkvintett (1965)
- Klavérkvartett (1964 -1965)
- Klavérsonate (1962)