Robert F. Kennedy

Robert Francis «Bobby» Kennedy, også kalla «RFK», (20. november 19256. juni 1968), var ein amerikansk politikar fødd i Brookline i Massachusetts. Han var son av Joseph Kennedy og bror av den amerikanske presidenten John F. Kennedy og senator Edward Kennedy. Under brorens presidentperiode var han justisminister. Han vart drepen i eit attentat i California 1968 mens han førte valkamp for å bli presidentkandidat for Demokratane.

Robert F. Kennedy

Fødd20. november 1925
Brookline
Død6. juni 1968 (42 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkepolitikar, offiser, advokat, skribent
Utdanna vedHarvard College
University of Virginia School of Law
Bates College
Harvard University
University of Virginia
V-12 Navy College Training Program
Milton Academy
Portsmouth Abbey School
Riverdale Country School
MorRose Kennedy
FarJoseph P. Kennedy
EktefelleEthel Skakel Kennedy
BarnKathleen Kennedy Townsend, Joseph P. Kennedy II, Robert F. Kennedy Jr., David Kennedy, Courtney Kennedy Hill, Michael LeMoyne Kennedy, Kerry Kennedy, Christopher G. Kennedy, Max Kennedy, Douglas Harriman Kennedy, Rory Kennedy
Alle verv
  • USAs justisminister (1961–1964)
  • senator i USA (1965–1967)
  • senator i USA (1967–1968) Sjå dette på Wikidata
Robert Kennedy (1962)

Under andre verdskrigen meldte den 18 år gamle Kennedy seg til US Navy der han gjennomgjekk grunnopplæring. Han var ikkje i aktiv krigsteneste.

Robert Kennedy gjekk på college ved Harvard og tok eksemen i 1948 og tok juridikum ved University of Virginia Law School i 1951. Kennedy var gift frå 17. juni 1950 med Ethel Skakel og saman fekk dei elleve born.

Da storebroren stilte som presidentkandidat, var det Robert Kennedy som organiserte valkampen. Han vart justisminister etter valsigeren. Av oppgåvene han konsentrerte seg om som justisminister var arbeidet mot den organiserte kriminaliteten og tilknytinga denne hadde inn i amerikansk fagrørsle, mellom anna leiaren for de amerikanske transportarbeidarane Jimmy Hoffa. Han var heile tida ein del av presidentens innarste krets, særleg kom dette fram under invasjonen i Grisebukta og Cubakrisa.

Robert Kennedy støtta aktivt den amerikanske borgarrettsrørsla og var ein viktig politisk støttespeler for denne.

Etter drapet på president John F. Kennedy heldt Robert Kennedy fram som justisminister for Lyndon B. Johnson, men samarbeidet mellom desse var ikkje godt. Etter ni månader vart Kennedy vald som senator frå New York. Johnson planla å stille til attval som president i 1968, men etter Tet-offensiven i februar same år vart det klart at krigen i Vietnam ikkje gjekk som forventa, og Johnson trekte seg frå valkampen 31. mars. Den 16. mars hadde Kennedy erklært seg som kandidat. Kennedy vann primærvala i Indiana og Nebraska, men tapte i Oregon. Det var difor viktig for Kennedy å vinne primærvalet i California, slik at han kunne få eit forsprang på sin sterkaste rival, Hubert Humphrey.

Kennedy vann valet i California 4. juni, men vart skoten av den 24 årige palestinaren Sirhan Sirhan etter at han hadde halde sin takketale tidleg om morgonen 5. juni. Kennedy døydde på sjukehuset 6. juni 1968.

Robert Kennedy er gravlagt på Æresgravlunden i Arlington.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Robert F. Kennedy
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.