Robert Green

britisk fotballspelar

Robert Paul Green (fødd 18. januar 1980) er ein engelsk fotballspelar. Green spelar som keeper for West Ham United og det engelske landslaget.

Robert Green
Personleg informasjon
Fullt namn Robert Paul Green
Fødd 18. januar 1980
Fødestad Chertsey
Høgd 191 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
West Ham United
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1992-99 Norwich City
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2006
2006-2012
2006-
Norwich City
West Ham
Queens Park Rangers
223 (0)
219 (0)
62(0)
Landslag
2006
2005-
England B
England
1 (0)
9 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. desember 2009

Green vart fødd i Chertsey i Surrey. I ungdomsåra spelte han for Norwich City og debuterte for A-laget deira 11. april 1999 i eit lokaloppgjer heime mot Ipswich Town, som enda 0-0. Etter at Andy Marshall forlet Norwich City sommaren 2001, vart Green fast førstekeeper for laget, som spelte i den nest høgste divisjonen. I 2003/04-sesongen var han med på å vinna opprykk til Premier League for Norwich. Laget rykte ned igjen etter éin sesong, 2004/05-sesongen, i Premier League. Green heldt buret reint i 6 av dei 38 ligakampane. Etter ein ny sesong på nest høgste nivå, gjekk Green til West Ham United i august 2006, for 2 millionar pund.

Green debuterte for West Ham 22. oktober 2006, då laget tapte 1-0 borte mot Tottenham Hotspur. Han vart West Ham sin førstekeeper i løpet av sesongen. I 2007/08-sesongen vart han kåra til årets spelar for West Ham.

Green vart teken med i landslagstroppen til England første gong i mars 2004, medan han endå spelte for Norwich i 1. divisjon, mot Sverige. Han debuterte for England 31. mai 2005, som innbytar i ein vennskapskamp mot Colombia i USA, der England vann 3-2. Han vart teken ut til England sin tropp til fotball-VM i 2006, men måtte seia frå seg plassen grunna ein lyskeskade. Etter dette fekk landslagskarrieren hans ein pause. Sjølv om han enkelte gonger vart teken med i landslagstroppen, spelte han ikkje for England igjen før 12. februar 2009, då han var innbytar då England tapte 0-2 mot Spania i Sevilla. 6. juni 2009 spelte han frå start for landslaget for første gong, då dei vann 4-0 borte mot Kasakhstan i ein kvalifiseringskamp til fotball-VM i 2010. Han spelte òg fleire av kvalifiseringskampane, som enda med at England kvalifiserte seg til VM. 10. oktober 2009 vart han den første engelske keeperen som nokon gong har vorte utvist i ein landskamp, då han fekk raudt kort i ein kamp mot Ukraina.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av delar av artikkelen på engelsk wikipedia 10. mars 2010.