Robert White Johnson

Robert White Johnson er ein USA-amerikansk låtskrivar og musikar, som held til i Nashville. Han er mest kjend for å ha vore med å skrive «Where Does My Heart Beat Now», som vart ein stor hit for Celine Dion.[1]

Robert White Johnson
Verka somlåtskrivar

I lag med Jimmie Lee Sloas skipa han rockebandet RPM, tidleg i 1980-åra, der Johnson var frontmann.[2] Bandet gav ut to album og fekk ein liten hit med «A Legend Never Dies». Han skreiv songar, produserte eller begge delar for band og artistar som The Beach Boys,[3] Peter Wolf,[4] B.J. Thomas,[5] Lynyrd Skynyrd,[6] 38 Special,[7] Van Zant[8] og Celine Dion. Han har òg vore låtskrivar og produsent innan moderne kristenmusikk.[1] I 1996 vann han Dove Award som produsent for Årets inspirerande album, Unbelievable Love av Larnelle Harris.[1] Johnson har òg skrive mykje reklamemusikk.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rick Moore, Nashville Songwriter Series: Robert White Johnson. American Songwriter, 3. januar 2011. Henta 20. desember 2020.
  2. Uncredited, Review of RPM CD reissue, 2004; Rock Report. Henta 2016-04-21.
  3. «It's Gettin' Late» (1985), co-written with Carl Wilson og Myrna Smith Schilling.
  4. Co-writing and co-producing, with Taylor Rhodes and Peter Wolf, Wolf's 1990 album Up To No Good.
  5. Christmas is Coming Home (1997)
  6. Co-writer of several av songens on The Last Rebel (1993).
  7. Co-writer, «Chattahoochie», on Rock & Roll Strategy (1988). AllMusic, Particulars of Rock & Roll Strategy. Henta 2016-05-11. Others credit him with contributing to several other of the album's songs.
  8. Producing a co-writing songs on Brother to Brother (1998) and Van Zant II (2001).

Bakgrunnsstoff endre