Opna hovudmenyen

Rolf Sanne-Gundersen (fødd 25. mai 1965) er ein norsk journalist og distriksredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Rolf Sanne-Gundersen
Fødd 25. mai 1965
Stavanger kommune
Yrke redaktør

Sanne-Gundersen var fødd på Våland i Stavanger. Han utdanna seg som lærar ved den dåverande lærarskulen i Sogndal (seinar Høgskulen i Sogn og Fjordane). Trass i at han er utdanna lærar, har han aldri arbeidd som det. Sanne-Gundersen er journalist og har arbeidd seg gradvis oppover i NRK-systemet.

KarriereEndra

Sanne-Gundersen starta mediekarriera si som sommarvikar i lokalavisa Firda Tidend i 1987 før han i mars 1988 fekk fast jobb som journalist i avisa Sogningen/Sogns Avis (i dag kjend som Sogn Avis). Etter dette var han innom både Firda, Norsk TV 2 og Dagbladet før han kom til NRK som reportar og nyhendejournalist for tv og radio i Sogn og Fjordane lokaldistrikt i 1997. Han arbeidde til 2009 som redaksjonssjef, før han overtok som distriktssjef i NRK Sogn og Fjordane, med hovudkontor i Førde. Han har også ei tid arbeidd som innanrikssjef i Dagsrevyen.

AnnaEndra

Av anna kan nemnast at Sanne-Gundersen var avviklar og prosjektleiar for NRK sin fjernsynsserie Flo fjell & fjære med den tidlegare fotballstjerna Jostein Flo som programleiar. Serien gjekk sin sigersgang på både NRK1 og NRK2, og har seinare vorte vist både i Sverige og Danmark.

PrivatEndra

Sanne-Gundersen er sambuar med NRK-journalist Gro Ravnestad, og har fleire born.

KjelderEndra