Opna hovudmenyen

Rolf Stranger

norsk politiker

Rolf Hanssen Stranger (15. januar 189118. juni 1990) var ein norsk forretningsmann og Høgre-politikar frå Oslo. Han var ordførar i Oslo i til saman åtte år og sat like lenge på Stortinget.

Rolf Stranger
Rolf Stranger, 1930.jpg
Fødd15. januar 1891
Christiania
Død18. juni 1990
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Stranger var son til grosserar Amund Hanssen i hovudstaden. Han tok artium ved St. Hanshaugen skole og vart cand.jur. frå Universitet i Oslo. I 1914 fekk han stilling i familiefirmaet Hanssen & Bergh A/ S, eit firma han dreiv frå 1917 til 1953.

Stranger var medlem av Oslo bystyre frå 1926 til 1967. Han var ordførar i fire bolkar; fyrst 1940-41 til han vart avsett av okkupasjonsmakta, i 1945 etter krigen var over, deretter i fireårsperioden 1956-59 og dei to åra 1962-63. Under 2. verdskrigen sat han fengsla på Bredtveit i Oslo i tida november 1943 til mai 1944.

Hausten 1945 vart Stranger vald til stortingsrepresentant frå Oslo og attvald 1949. På Stortinget var han nestformann i Finans- og tollkomiteen til 28. juni 1952, sidan var han medlem i Kommunalkomiteen.

KjelderEndra