Pan er ein naturlyrisk eg-roman frå 1894 av Knut Hamsun. Den er eitt av Hamsuns mest kjende verk ved sida av Sult og Markens Grøde.

Handling endre

Boka handlar om drøymaren løytnant Thomas Glahn og sommaren hans i ei jakthytte i Nord-Noreg midt på 1800-talet. Eigentleg er han ein kulturtrøytt, disharmonisk og splitta person som ønskjer å leva utanfor ein sosial samanheng regulert av etiske lover. Han slår seg ned i ei enkel skogshytte saman med hunden Æsop for å freiste livet i nært samspel med naturen. Men ikkje langt frå ligg tettstaden Sirilund. Dermed er det duka for konfliktar.

Sentralt i handlinga står den uforløyste kjærleiken til Edvarda, prega av svermeri, glad vent og stemningsrus, tilnærmingar, tilbaketrekkingar, avvisingar, svartsjuke, krenkingar, såra kjensler og hemnakter. Eigenleg elskar Glahn først og fremst dei stemningane Edvarda vekkjer i han, og vik unna for fullbyrdinga. Erotisk tilfredsstilling søkjer han hjå kona til smeden, Eva, og gjetarjenta, naturbarnet Henriette. Ei samtale med Eva utviklar seg på denne måten:

«Jeg elsker en kjærlighetsdrøm, jeg hadde engang, jeg elsker deg og jeg elsker denne plett jord.
Og hva elsker du mest?
Drømmen.» [1]

Pan er utstyrt med ein epilog, «Glahns Død», som inneheld fire kapittel. Den går føre seg i India der Glahn mistar livet i eit fingert sjølvmord.

Naturen endre

Naturoppfattinga er panteistisk, dvs. at allnaturen er opplevd som fylt av gud. (Jf. tittelen Pan.)

«Hør i øst og hør i vest, nei hør! Det er den evige Gud! Denne stillhet som mumler mot mitt øre er allnaturens blod som syder, Gud som gjennomvever verden og meg.» [2]

Naturen legg premiss, avspeglar og akkompagnerer sinnsstemningar. Glahns forelsking svingar i takt med årstidene: frå den yrande, blømande våren, via «nordlandssommerens evige dag» med midnattssol.

«Vaaren var vel også kommet til mig og mitt Blod banket til sine Tider likesom av Fottrinn.»

Men sommaren i Nord-Noreg er stutt, og når den er på hell, går det og nedover med Glahns ulike kjærleikssoger.

Språk endre

Språket er musikalsk og stemningsmetta, prega av lyriske verkemiddel som allitterasjon, oppatt-tak, symbolikk, antydningar m. m. Svingningane i Glahns stemningsliv avteiknar seg i stilen. Når han er åleine, flyt stilen roleg med lange, strøymande setningar, men blir han opphissa, t.d.. i møte med kvinner, blir setningane stuttare og meir intense.

Film og musikk endre

Det er gjort tre filmatiseringar: Pan (1922), Pan (1937) og Pan (1995). Nordlandskomponisten David Monrad Johansen skreiv eit symfonisk epos inspirert av Pan i 1939.

Tilvisingar endre

  1. Hamsun 1961, Pan s. 77, utgåve med merknader av Olaf Kortner
  2. Hamsuns Pan s. 77, utg. 1971.

Bakgrunnsstoff endre