Opna hovudmenyen

Mellomjul, romjul eller romhelg (frå norr. rúmheilagr 'ikkje heilag etter lova') viser til eit tidsrom etter juleheilagdagane og fram til slutten av jula. I eldre tid var dette som regel tida mellom andre juledag og trettandedag 6. januar. I nyare tid reknar ein gjerne med at romjula sluttar ved nyårsdag 1. januar.

Mange har ferie i romjula, og kan nytta tida til avslapping, sosiale høve eller reising. Samstundes opnar fleire butikkar og arbeidsstader etter fleire heilagdagar, og ein kan dermed nytta tida til å bytta julegåver, eller ein kan gå på jobb. I nokre engelsktalande land er omgrepet Boxing Week innført om denne perioden, som tidlegare ikkje hadde noko særskild namn på engelsk.

KjelderEndra