Romsonden Juno
Juno er ein soldriven NASA-sonde i bane kring Jupiter. Han vart skoten opp frå Cape Canaveral 5. august 2011 og gjekk inn i bane kring Jupiter 5. juli 2016 norsk tid.[1] Han er den fyrste jupitersonden til å nytta solsellepanel og går i ein særs elliptisk polbane.
InstrumentEndra
Juno ber med seg desse instrumenta og utrøyningane:
- eit forskingssystem for gravitasjon og radio (Gravity Science)
- eit radiometer som kan observera på seks ulike mikrobylgjelengder for å sjå inn i atmosfæren og finna ut kva han er sett saman av (MWR)
- eit vektormagnetometer (MAG)
- detektorar for plasma og energiske partiklar (JADE og JEDI)
- ei radio/plasma-bylgjeutrøyning
- eit ultrafiolett kamera og spektrometer (UVS)
- eit infraraudt kamera og spektrometer (JIRAM)
- eit fargekamera kalla JunoCam som vil gje ålmenta det fyrste detaljerte synet av polane til Jupiter
KjelderEndra
- «Spacecraft and Instruments» - NASA