MESSENGER (akronym for MErcury Surface, Space ENvironment, GEochemistry, and Ranging) var ein NASA-sonde skoten opp 3. august 2004. Han gjekk i bane kring Merkur mellom 17. mars 2011 og 30. april 2015, då han var tom for drivstoff og styrta inn i Merkur på eit venta tidspunkt.[1] Romsonden karaktiserte den mineralske samansetninga til merkuroverflata, den geologiske historia til planeten, naturen til magnetfeltet, storleiken på og forholda i planetkjernen, leita etter flyktige stoff ved polområda og studerte naturen til eksosfæren og magnetosfæren over ein periode på meir enn fire år.[2] Ferda var den første til Merkur på over 30 år - den førre ferda til Merkur var Mariner 10, som avslutta oppdraget ved Merkur i 1975.[3]

Kunstnarisk framstilling av MESSENGER-sonden ved Merkur
Oppskytinga av MESSENGER.
Eitt av dei fyrste MESSENGER-bileta av til då ufotografert terreng på Merkur.

Namnet til sonden kjem av at guden Merkur, som var opphavet til Merkur sitt namn, var dei romerske gudane sin bodbringar.[4]

Fyrste nærpassering endre

Den 14. januar 2008 fann Mercury Flyby 1 stad med ein minsteavstand på 200 km. Under passeringa vart område som hittil var ukjente fotografert. I tillegg vart det òg tatt UV- og IR-skanningar og lasermålingar.

Viktige datoar endre

Kjelder endre

  1. NASA Completes MESSENGER Mission with Expected Impact on Mercury's Surface - NASA
  2. http://messenger.jhuapl.edu/why_mercury/index.html
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. juli 2009, henta 2. januar 2008 
  4. http://messenger.jhuapl.edu/faq/faq_mission.html#1

Bakgrunnsstoff endre