Romvinkel er ein todimensjonal vinkel i eit tredimensjonalt rom, som svarar til overflatearealaet av den radiale projeksjonen på overflata av ei kule med radius r, dividert med kvadratet av radiusen. Divisjon med kvadratet av radiusen fører til at romvinkelen vert dimensjonslaus (m / m). Men romvinkelen vert ofte gjeve namninga steradian, forkorta til sr, som er ei blanding av det greske ordet steros (rom) og det latinske ordet radius (stråle).

Fig. 1 Steradian.

Ein sr er ein romvinkel som har eit projisert areal på på overflata til ei kule med radius r, som illustrert i Fig. 1. Sidan overflata til ei kule er , er ein romvinkel som dekkjer heile kula sr, ein romvinkel som dekkjer ei halvkule er sr og så vidare. Det projiserte arealet på overflata til kula treng ikkje vera sirkulært, men kan ha ei vilkårleg form.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.