R.S. Thomas

britisk poet
(Omdirigert frå Ronald Stuart Thomas)

Ronald Stuart Thomas (fødd 29. mars 1913 i Cardiff, død 25. september 2000 i Pentrefelin), betre kjend som R.S. Thomas, var ein walisisk lyrikar og prest. Tomas vart fødd i Cardiff i 1913 og voks opp på øya Holyhead som einaste son av ein sjøkaptein i ein engelsktalande heim. I 1936 blei han uteksaminert som prest i Den anglikanske kyrkja. Han gifta seg med kunstnaren Mildred Eldridge to år seinare og i løpet av livet kom han til å gjere presteteneste i fleire prestegjeld i heimlandet Wales, mellom anna i Manafon og Aberdaron. Som pensjonist busette han seg i ei lita hytte utan elektrisitet og moderne hjelpemiddel ytst på Lleyn-halvøya nordvest i Wales. I 1995 blei Thomas nominert til Nobelprisen i litteratur. I dag blir han saman med namnebroren Dylan Thomas rekna som den fremste lyrikaren i walisisk etterkrigstid.

R.S. Thomas
Statsborgarskap Storbritannia, Wales, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 29. mars 1913
Cardiff
Død

25. september 2000 (87 år)
Criccieth

Yrke lyrikar, skribent
Sjanger lyrikk
Religion Den anglikanske kirke
Ektefelle Mildred Eldridge
Gravstaden til R. S. Thomas

Samanlikningar

Med alle lette ting
likna eg henne, med
ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
blæs bort;

eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker.

R. S. Thomas. Attdikta av Ole Johan Sagrusten.
Mellom tvil og tru (2013). Side 111.

Den litterære stilen hans er prega av ein klår og roleg tone kvar han skildrar naturen og menneska på landsbygda i Wales. Diktinga til Thomas er ofte prega av ein religiøs tematikk, der særleg kjensla av Guds fråvære står sentralt, eit fråvære som likevel inni mellom slær over i eit slags nærvære. Thomas var også ein aktiv fuglekikkar, og fuglar og dei årlege trekkreisene deira er eit motiv som kjem att i poesien hans. Etter kona Mildred sin død i 1991 kom han også til å skrive kjærleiksdikt vigde til henne. R. S. Thomas var også sterkt skeptisk til den teknologiske utviklinga i samtida, og seint i livet engasjerte han seg sterkt for walisisk språk og kultur, og gav uttrykk for nasjonalistiske haldningar. Trass i dette skreiv han berre ei bok på walisisk, sjølvbiografien Neb («Ingen» på walisisk), utgjeve i 1985. Jamvel om han var negativ til det moderne samfunnet, skreiv han frie vers, og let seg inspirere av modernistiske forfattarar som til dømes amerikanske Wallace Stevens.

Av diktsamlingar kan ein mellom anna nemne The Stones of the Field (1946), Song at the Year's Turning (1955), The Bread of Truth (1963), Frequencies (1978) og Collected Poems, utgjeve i 1995.

R.S. Thomas er attdikta på norsk av Henning Kramer Dahl i Efter Jeriko (1990) på Solum Forlag, og av Hans Johan Sagrusten i Ein stad mellom tvil og tru: Dikt i utvalEfrem Forlag (2013).

Kjelder endre

  • «Ronald_Stuart_Thomas» av Kristian Smidt i Store norske leksikon, snl.no.
  • Lærø, Ø. (2013) «Etterord. Orda er ikkje lenger stigen» i – Thomas, R. S. Mellom tvil og tru: Dikt i utval (s. s. 117-147). Efrem: Follese
  • Sagrusten, H. J. (2013) «Forord» i – Thomas, R. S. Mellom tvil og tru: Dikt i utval (s. 9-12). Efrem: Follese.