Ronny

mannsnamn

Ronny, Ronni og Ronnie er personnamn. I Noreg er dei mest kjende som mannsnamn danna som kjæleformer av Ronald, i slekt med Ron. Ronni og Ronnie kan også vera kvinnelege kortnamn, til dømes av Veronika. Ronny har norsk namnedag den 9. august og svensk den 16. mai.

Ronny Espedal.
Foto: Jarle Vines
Ronny Mosuse.
Foto: Stephanie Verbeken

Bruken av namnet tok til å veksa i Noreg i etterkrigstida. Det var særs populært på 1970-talet, då opptil 1,0 % av nyfødde gutar kunne få namnet Ronny. I 2009 var det 5 787 menn som heitte Ronny, 328 som heitte Ronnie og 88 som heitte Ronni.

I Noreg og Sverige har namnet ei tid hatt klare underklasse- og pøbel-assosiasjonar. Sverige hadde til dømes det oppdikta raggarparet Ronny och Ragge og Claes Malmberg-figuren Ronny Jönsson, medan Noreg hadde Randi og Ronny i Tramteateret. Den svenske idéhistorikaren Ronny Ambjörnsson har skrive ei sjølvbiografisk bok med tittelen Mitt förnamn är Ronny - berättelsen om en klassresa.

NamneberararEndra

KjelderEndra