Opna hovudmenyen

Roque Santa Cruz

paraguayansk fotballspelar

Roque Luis Santa Cruz Cantero (fødd 16. august 1981 i Asunción) er ein paraguayansk fotballspelar. Han har vore kaptein for det paragauyanske landslaget og spele for Cruz Azul i Mexico (2015).[1]

Roque Santa Cruz
Roque Luis Santa Cruz.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Roque Luis Santa Cruz Cantero
Fødd 16. august 1981
Fødestad Asunción i Paraguay
Høgd 193 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Betis
Nummer 16
Ungdomsklubbar
1988-98 Paraguay Olimpia
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999-2007
2007-09
2009-
2011
2011-
Paraguay Olimpia
Tyskland Bayern München
Flag of England.svg Blackburn
Flag of England.svg Manchester City
Flag of England.svg Blackburn (lån)
Spania Real Betis (lån)
23 (13)
155 (31)
57 (23)
20 (3)
9 (0)
0 (0)
Landslag
1999- Paraguay Paraguay 87 (25)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 31. august 2011

Hausten 2011 spela han som spiss for Real Betis i spansk Primera Division, på lån frå Manchester City i engelsk Premier League, og for Paraguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Paraguay med Olimpia i 1998 og 1999, og i Tyskland med Bayern München i 2000, 2001, 2003, 2005 og 2006. Med Bayern München var han òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen i 2001. I 1999 vart han kåra til årets paraguayanske fotballspelar. Han var Blackburn sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 19 seriemål.

KjelderEndra

  1. Alcivia Piña, Rafael (21. desember 2014). «Presidente del Málaga se despide de Roque Santa Cruz» (på spansk). aztecadeportes.com. Henta 22. desember 2014.