Roque de los Muchachos-observatoriet

Roque de los Muchachos-observatoriet er eit astronomisk observatoriumLa PalmaKanariøyane, på randa av eit stort vulkankrater, 2400 meter over havet. Det vart offisielt opna i 1986. Observatoriet er internasjonalt og vert drive i fellesskap. Spania, som eig området og har ansvaret for infrastrukturen og spanske astronomar disponerer 20 % av observasjonstida på alle instrument. Storbritannia (saman med Irland og Nederland) har William Herschel-teleskopet (4,2 m; teken i bruk 1988), det heilt ombygde Isaac Newton-teleskopet (2,5 m; 1985) og Kapteyn-teleskopet (1 m; 1984) som er særskild eigna for astrometri og fotometri. Danmark har (saman med Storbritannia) Carlsberg Automatic Transit Circle (1984), eit instrument for nøyaktig og rask måling av stjerneposisjonar. Sverige har to teleskop, ein reflektor (60 cm; 1982) og eit tårnteleskop for solobservasjoner (1983). Italia har teleskopet Galilei (3,6 m, 1997).

Nordisk Optisk Teleskop (NOT), eit dansk-finsk-norsk-svensk samarbeidsprosjekt (2,5 m; 1989), høyrer òg med til observatoriet. Frå 1997 er også Island med på NOT.

Kjelder endre