Rosa Louise Parks (4. februar 191324. oktober 2005), fødd Rosa Louise McCauley, var ei afroamerikansk sydame som er gjeven ein stor del av æra for starten på masserørsla for afroamerikanarar sine rettar i USA på 1950- og 1960-talet.

Rosa Parks

Statsborgarskap USA
Fødd 4. februar 1913
Tuskegee
Død

24. oktober 2005 (92 år)
Detroit

Yrke sjølvbiograf, menneskerettsaktivist, borgarrettsaktivist, offentlig person, politisk aktivist
Språk engelsk
Medlem av Alpha Kappa Alpha
Religion United Methodist Church
Ektefelle Raymond Parks
Rosa Parks på Commons

Aksjonen endre

1. desember 1955, i Montgomery i Alabama, nekta Parks å gje frå seg setet i den «farga» delen av ein buss til ein kvit mann som kravde det, fordi den «kvite» delen var full.[1] Motivet var at ho var lei av å verta behandla som ein annanrangs borgar. Ho vart arrestert, dømd og fengsla. Ho og fleire andre fekk nåde 18. april 2006 for brot mot raseskiljelovane.

Kvelden etter samla 50 leiarar i det farga miljøet seg, leia av den då ganske ukjende Martin Luther King jr., for å diskutera høvelege tiltak etter hendinga. Resultatet vart at heile det farga miljøet gjennomførte ein 381 dagar lang boikott av bussane i Montgomery, noko som førte til at eit stort tal bussar vart ståande parkerte i månadsvis; heilt til lovene som tillet segregering på offentlege kommunikasjonsmiddel vart oppheva. Denne hendinga var med på å setja i gang fleire protestar mot segregeringa.

I 1956 kom høgsteretten i USA fram til at segregering av svarte og kvite på bussar var grunnlovsstridig.[1]

 
Rosa Parks og dåverande president i USA, Bill Clinton i 1996 då ho tok mot Presidential Medal of Freedom.

Bakgrunn og æresvisingar endre

Parks hadde vore medlem av National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) og aktiv i borgarrettsrørsla sidan tidleg på 1950-talet, og vart etter dette eit føredøme i rørsla. Ho vart kalla Borgarrettsrørsla si mor. Rosa Parks fekk fleire æresprisar for engasjementet sitt, mellom anna Kongressen sin gullmedalje i 1999 og Presidential Medal of Freedom i 1996, begge er rekna mellom dei høgaste sivile utmerkingane i USA. I 1994 var ho æresgjest ved fredsfestivalen One Day of Peace Festival i Stockholm, der ho vart beden om å peika ut ein prisvinnar til ein fredspris til minne om henne for året etter, 40 år etter bussboikotten.[2][3]

I 2001 fekk ho oppkalla etter seg ein park og eit museum i Montgomery. Ho døydde 24. oktober 2005 på ein pleieheim i Michigan, og vart som den første kvinna og den andre farga personen i USA si historie lagt på paradeseng i Kongressen fram til gravferda.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Today in History - December 1», Library of Congress, Washington, D.C. 20540 USA, henta 23. oktober 2023 
  2. «One Day of Peace Festival | A Life of Global Impact | Explore | Rosa Parks: In Her Own Words | Exhibitions at the Library of Congress | Library of Congress», Library of Congress, Washington, D.C. 20540 USA, henta 23. oktober 2023 
  3. «NAMES FACES». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286.