Rosenberg Verft er eit skipsverftBuøy i Stavanger kommune. Verftet har hatt fleire namneendringar, og er i frå 2007 ein del av Bergen Yards. Frå bygging av skip er verksemda vorte lagt om med fokus på leveransar til petroleumsverksemd.

Bergen Group Rosenberg
Org.formAksjeselskap
EigarBergen Group Offshore AS (90,6%)
MorselskapNorsk Maskinindustri
HovudkontorHundvåg
LandNoreg
StyreleiarKjetil Forland
Dagleg leiarKyrre Nese
Tilsette421-425
Resultat161 mill
Rosenberg Verft, fotografert i 2006
Foto: Jarle Vines
SeaDrill West Epsilon ved Rosenberg Verft i 2009
Foto: Lars Christopher Nøttaasen

Historikk endre

Rosenberg Mekaniske Verksted vart stifta i 1896 av mellom anna Sigval Bergesen d.e. og Knud Zimmer. Aksjekapitalen ved oppstart var på 54 000 kroner. Det var 13 tilsette den første tida. Verftet vart i 1942 kjøpt av Sigval Bergesen d.y.. Rosenberg vart vidare seld til Kværner i 1970. Etter at Kværner vart slått saman med Aker i 2002 ønskte føretaksleiinga å selje seg ut av Rosenberg, samstundes som dei ønskte unngå å skape ein ny konkurrent innan offshore-oppdrag. Dette då det etter deira syn var ein overkapasitet av verft i marknaden. Etter ei tid med forhandlingar vart verftet så seld til ei lokal investorgruppe med IKM og gründar Ståle Kyllingstad i spissen. I salsavtala var det ein konkurranse-klausul som hindra Rosenberg frå å ta visse oppdrag 3 år fram i tid. Investorane selde verftet vidare til noverande eigar Bergen Group for 700 millionar kroner i 2007.

Bakgrunnsstoff endre