Rosemarie Mittermaier, kjend som Rosi Mittermaier (5. august 19504. januar 2023) var ein tysk alpinist frå Reit im Winkl i Bayern som vann Verdscupen i alpine greiner 1976. Under vinterleikane i Innsbruck i 1976 vann ho to OL-gull, eitt VM-gull og eitt OL-sølv.

Rosi Mittermaier


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. august 1950
München, Reit im Winkl
Død

4. januar 2023 (72 år)
Garmisch-Partenkirchen

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1976, presidentvalget i Tyskland 2004

Utmerkingar

Skieur d’Or, Goldene Kamera, Georg von Opel Award, Silver Olympic Order, fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Hall of Fame des deutschen Sports, Den bayerske fortjenstorden, Bayerische Staatsmedaille für Verdienste um Umwelt und Gesundheit, Bayerischer Sportpreis, Bayerische Staatsmedaille für soziale Verdienste, Bayerns europamedalje

Mittermaier debuterte i verdscupen i alpine greiner allereie i 1967, den sesongen turneringa kom i gang. Ho fekk sitt gjennombrot då ho i Schruns i Austerrike vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn, i yndlingsgreina slalåm. Fram til mars 1976 vann ho til saman 10 renn i verdscupen, fire renn i den siste sesongen, då ho vann verdscupen samanlagt klart med 281 poeng, mot andreplasserte, sveitsiske Lise-Marie Morerod sine 214 poeng.

Mittermaier var i sitt livs form då ho under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vart olympisk meister i slalåm og utfor, det siste ei stor overrasking. Ho var ikkje langt unna å vinne storslalåm, der ho måtta sjå Kathy Kreiner frå Canada framom seg på resultalista. Med sine plasseringar i enkeltrenna, vann ho eit suverent VM-gull i kombinasjonen.

Ho vann 14 tyske meisterskap.

Sidan 1980 er ho gift med alpinisten Christian Neureuther. Dei er foreldra til alpinisten Felix Neureuther.

Kjelder endre