Roskildefjorden

(Omdirigert frå Roskilde fjord)

55°46′45.39″N 12°3′56.64″E / 55.7792750°N 12.0657333°E / 55.7792750; 12.0657333

Roskildefjorden
Foto: Martin L

Roskildefjorden, som på dansk heiter Roskilde Fjord, er ein fjordSjælland i Danmark. Fjorden skil halvøya Hornsherred frå Nordsjælland (det vil seie det nordaustlege Sjælland), og har namn etter byen Roskilde inst i fjorden i søraust. Heilt i nord, nord for Hornsherred, går fjorden vestover langsetter eit nes som skil ho frå havstykket Kattegat, og endar i Isefjorden, som i nord har innløp frå Kattegat ved Hundested.

Roskildefjorden er 41,4 kilometer lang, målt frå botnen av Lejre Vig til ei line drege mellom Sølager og Kulhuse, og er den lengste fjorden i Danmark. Storparten av fjorden er så grunn at seglingsruta vert monaleg lengre. I fjorden og i området elles er det gjort mange funn frå vikingtida. Mellom anna vart det på botn av fjorden utanfor landsbyen Skuldelev funne leivningar av båtar frå vikingtida som vart berga og no er plassert i Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Det grunne vatnet i fjorden, og den store mengda av små øyar, gjev gode tilhøve for fugl og fisk. Roskilde Fjord er EF-fuglevernområde og EU-habitatområde, der det er forbode å jakte på fuglar og å uroe dei.

Byar endre

Byane Frederiksværk, Frederikssund, Jægerspris, Jyllinge og Roskilde ligge alle ved kysten av Roskildefjorden.

  Denne geografiartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.