Rossbyparameter
Rossbyparameteren er eit tal som blir brukt i oseanografi og meteorologi. Talet oppstår i samband med at corioliskrafta varierer med breiddegraden, og er viktig i danninga av rossbybølgjer.
Rossbyparameteren er gjeven ved likninga:
Der er breiddegraden, er vinkelfarten til jordrotasjonen og a er den gjennomsnittlege jordradiusen.
Sjølv om begge involverer corioliseffektar, skildrar rossbyparameteren endringa av effekten med breiddegraden, og må ikkje forvekslast med rossbytalet.