Rossokha (russisk Россоха) er ei elv i Sakha i Russland og ei av sideelvane til Alazeja frå venstre. Elva er 790 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 300 km².

Rossokha
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 27 300 km²
Lengd 790 km
Munning Alazeja
Kart
Rossokha
69°30′38″N 155°03′09″E / 69.5105°N 155.05237°E / 69.5105; 155.05237
Wikimedia Commons: Rassokha River (Alazeya tributary)

Ho renn over Kolymalåglandet. Dei største sideelvane hennar er Arga-Jurjah (333 km) frå venst re og Ilin-Jurjah (337 km) frå høgre. Det er meir enn 7400 innsjøar med eit samla areal på 3240 km² i tilsigsområdet til Rossokha. Elva frys til i byrjinga av oktober og er isdekt til starten av juni.

Kjelder endre