Opna hovudmenyen

Rotneims-Knut, opphavleg Knut Skaga (18091851) var ein norsk stordansar og kjempekar frå Gol i Hallingdal. Knut fekk namnet sitt etter garden Rotneim, som ligg mest på delet mellom Gol og Ål. Hallingen «Rotneims-Knut» er kalla opp etter han.

Rotneims-Knut
Fødenamn Knut Skaga
Fødd 1809
Død

1851

Knut skal ha vore ein dugande dansar, og særs god til å gjera hallingkast. Som andre karar frå Hallingdal har han vore over fjellet med drift, og skal ha dansa for kronprins Oscar, seinare Oscar 1Lærdalsmarknaden i 1839. Då bruka han slåtten som vart knytt til namnet hans.

Om Rotneims-Knut er det gjerne fortald at han var byrg av styrken og førleiken sin, og let seg sjeldan kappast med. Stevet til slåtten gjev att dette:

Rotneims-Knut er leug og mjuk
Det finst ikkje nokon som jaga`n ut
Inkje i Hemsedal, inkje i Hol,
Inkje på Torpo og inkje i Gol.

Ein annan variant av stevet fortel heller at det fanst dei som kunne takast med Knut, mellom dei Trulseguten. Ei overlevering fortel og at presten i Ål, Christian Kjelstrup, var sterkare enn dei båe. Dette tyder nok at Knut vel var den sprekaste, men ikkje den sterkaste, av dansarane i Hallingdal på denne tida. Segnene fortel at han var svært ærekjær.

Christian Kjelstrup skal ha tukta Knut i hans eige bryllaup, etter at Knut egla han. Knut vart då slengd så hardt gjennom dørkarmen at dørborda brotna.

Ein annan stordansar, Perigarden, møttest med Knut i eit jolegilde. Her gjorde Perigarden eit kast som var høgare enn det Knut hadde greidd, og då gauv Knut laus på Perigarden med kniv og skamfor motstandaren sin. For dette laut Knut sone på Akershus festning i mange år. Då han så kom attende frå festninga, var han helseknekt, vert det fortald, og døydde få år etter.

Knut skulle ha gjeve seg til å stela etter at han kom attende frå festninga, og vart teken att. Det er fortald at han tok livet sitt på lensmannsarresten på Nesbyen i 1851[1].

Hallingen Rotneims-Knut finst i mange variantar på Vestlandet, i Hallingdal og i Valdres.

KjelderEndra