Royal College of Music
Royal College of Music er eit konservatorium i South Kensington i London.
Royal College of Music | |||
![]() | |||
![]() | |||
Grunnlagt | 1882 | ||
---|---|---|---|
Stad | Royal Borough of Kensington and Chelsea | ||
Tilsette | 285 (2019), 287 (2020), 266 (2018), 457 (2017), 242 (2016) | ||
Nettstad | http://www.rcm.ac.uk/, http://www.rcm.ac.uk/ (engelsk) | ||
![]() Royal College of Music 51°29′59″N 0°10′37″W / 51.499722222222°N 0.17694444444444°W |
Det blei skipa i 1882 av den dåverande prinsen av Wales, den seinare kong Edvard VII av Storbritannia.
RCM har over 900 studentar frå meir enn 50 ulike land, og blant professorane finst mange musikarar med internasjonalt ry. Ved QS World University Rankings frå 2024 blei det rangert som det fremste universitetet for utøvande kunst i verda.[1]
Intitusjonen er eit av fire konservatorium tilknytt Associated Board of the Royal Schools of Music, og er medlem av Conservatoires UK. Det har tilhald på andre sida av vegen til Royal Albert Hall ved Prince Consort Road, og ligg ved sida av Imperial College blant musea og kultursentera i den såkalla Albertopolis.
Kjelder
endre- ↑ «QS World University Rankings for Performing Arts 2024». Top Universities (på engelsk). 22. oktober 2024. Henta 31. oktober 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Royal College of Music» frå Wikipedia på bokmål og «Royal College of Music» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2024.