rsync er eit verktøy, med eigen nettverkeprotokoll, for UNIX-liknande operativsystem (Linux, BSD, OS-X osb. (men òg for Windows), som synkroniserer filer og katalogar frå ein datamaskin til ein annan. For å overføra data snøggast råd og for å generera minst muleg nettrafikk nyttar rsync deltakoding. rsynch nyttar TCP-port 873 og kan nytta SSH for å overføra data over ein kryptert kanal. rsync vert ofte nytta for sikkerheitskopiering og det finst fleire grafiske grensesnitt for rsync.

Rsync
UtviklarAndrew Tridgell
Utgjeve19. juni 1996
Nyaste versjon3.2.7 (20. oktober 2022)[1]
PlattformUnix-variant
OperativsystemUnix-variant
Skrevet iC
Typefile transfer
LisensGPL-3.0+
Nettstadhttps://rsync.samba.org/

Kjelder endre

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.