Ruøya er ei øy i Aursundet i Aure kommune i Møre og Romsdal. Frå 1995 har Ruøya vore landfast over Aursundbrua. Det er òg veg til Rottøya over Smalsundbrua. Frå tidleg på 1700-talet og fram til 1830 vart det dreve handel i Hamna på Ruøya.

Øya er todelen, med ein nordleg og sørleg del.

Ho har eit flatemål på 0,78 km2 eller 780 dekar. Høgaste punktet ligg på 89 moh., og befinn seg nordaust på øya.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.