Ruben and the Jets

Ruben and the Jets var eit amerikansk, Los Angeles-basert rockeband, som var aktive mellom 1972 og 1974. Det vart leia av Ruben Guevara og dei gav ut to album. Det første albumet var produsert av Frank Zappa. Bandet hans, The Mothers of Invention, hadde tidlegare gjeve ut eit album kalla Cruising with Ruben & the Jets, som Guevera hadde fått namnet til bandet frå.

Ruben and the Jets
Aktiv1972-1974
SjangerDoo-wop, rock and roll, R&B
Tilknytte artistarFrank Zappa, The Mothers of Invention
PlateselskapMercury

Historie endre

I 1968 gav Frank Zappa ut eit konseptalbum kalla Cruising with Ruben & the Jets, der han og medlemmane i The Mothers of Invention tok på seg rolla som eit oppdikta 50-tals doo-wop-band. Songar/låtskrivar/musikar Ruben Guevara møtte Frank Zappa etter ein konsert for å fortelje kor godt han likte dette albumet, og forklarte at han hadde same førenamn som den oppdikta frontmannen. Guevara hadde òg spelt denne typen musikk sjølv. To år seinare foreslo Zappa at Guevara kunne starte sitt eige band og gav løyve til at dei kunne kalle seg Ruben and the Jets. Bandet turnerte i lag med Mothers of Invention i 1972. Tidlegare Mothers of Invention-medlem Euclid James «Motorhead» Sherwood, kom inn i bandet i 1973.[1]

Zappa produserte debutalbumet til bandet i 1973, For Real!, som kom ut på Mercury Records. Sherwood medverka med saksofon og tamburin på albumet, og Zappa skreiv ein av songane på albumet, «If I Could Only Be Your Love Again», og spelte gitar på ein annan song på albumet, «Dedicated to the One I Love».[1] Under turneen deira i 1973 vart Ruben and the Jets sett opp i lag med Three Dog Night og West, Bruce and Laing på tre konsertar, og spelte på same kveldar som Tower of Power, Azteca og Cheech & Chong. Ruben and the Jets gav ut eit nytt album, Con Safos, før dei vart oppløyst i 1974.[1]

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «Biography of Ruben and the Jets». Allmusic. Henta 7. juni 2014.