Rudolf Nilsen
Rudolf Nilsen (28. februar 1901–23. april 1929), fødd i Kristiania, var ein norsk diktar og lyrikar. Mange av dikta hans er prega av klassekampen på 1920-talet. Nilsen vert sett på som ein av dei viktigaste arbeidardiktarane i Noreg. Han skreiv òg upolitiske og romantiske dikt, dikt om Oslo og om menneska som levde der. På 1970-talet auka interessa for Nilsen sine verk sterkt, og det blei sett tonar til mange av dikta hans.
Rudolf Nilsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. februar 1901 Christiania |
Død |
23. april 1929 (28 år) |
Yrke | journalist, lyrikar, skribent |
Politisk parti | Norges Kommunistiske Parti |
Ektefelle | Ella Hval |
Rudolf Nilsen på Commons |
Dei siste fem åra av livet var Rudolf Nilsen gift med skodespelarinna Ella Signe Quist Kristoffersen, seinare Ella Hval. Han døydde i Paris, av tuberkulose, berre 28 år gamal.
Rudolf Nilsen er blitt minna ved at eit friområde ved Heimdalsgata 26 i Oslo (betre kjent som "Nr. 13" i eit av Rudolf Nilsen sine dikt) har fått namnet Rudolf Nilsens plass.
Utgjevingar
endre- På stengrunn (1925, Ny Tid)
- På gjensyn (1926, Ny Tid)
- Hverdagen (1929, posthumt, Gyldendal)
- Samlede dikt (1935, 2. utg. 1946 med føreord av Arnulf Øverland)
- Hilsen og håndslag, (1974, Gyldendal), ukjende dikt frå aviser og tidsskrift
- Rulle forteller : Rudolf Nilsens prosa i utvalg Ved Jon Michelet og Martin Nag. Oktober, 1974 Utval av artiklar frå aviser og tidsskrift ISBN 82-7094-079-8