Rudolf Clausius

tysk fysikar
(Omdirigert frå Rudolph Clausius)

Rudolf Julius Emanuel Clausius (2. januar 182224. august 1888) var ein tysk fysikar. Han er i dag mest kjend som grunnleggjaren av moderne termodynamikk som han sjølv kalla mekanisk varmeteori. I denne samanhengen formulerte han den første og den andre termodynamikklova. Dette førte han til å innføre omgrepet entropi som er av grunnleggjande tyding i fysikken. Han arbeidde ved fleire universitet og gav òg grunnleggjande arbeid til forståinga av atmosfærisk optikk, kva som skjer under elektrolyse og vidareføring av kinetisk teori. På slutten av livet sitt beviste han det generelle virial-teoremet i mekanikken som har vore til stor tyding med mange ulike bruksområde.

Rudolf Clausius

FøddRudolf clausius
2. januar 1822
Koszalin
Død24. august 1888
Bonn
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdefysikk
Yrkeuniversitetslærar, matematikar, teoretisk fysikar, fysikar
InstitusjonarEidgenössische Technische Hochschule Zürich
Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg
Universitetet i Bonn
Universitetet i Zürich
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
DoktorgradsrettleiarJohann Salomo Christoph Schweigger
EktefelleAdelheid Rimpau, Sophie Sack
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia Nazionale dei Lincei
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Royal Society of Edinburgh
Göttingens vitenskapsakademi
Det bayerske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Vitskapleg liv endre

Han vart fødd 1822 i Köslin som ligg i dagens Polen, men som på den tida låg i den tyske provinsen Pommern. Etter å ha fått den første utdanninga si ved gymnasiet i Stettin, vart han uteksaminert i 1844 frå Universitetet i Berlin etter studium i fysikk og matematikk. Tre år seinare i 1847 mottok han sin doktorgrad frå Universitetet i Halle med eit arbeid om optiske fenomen i atmosfæren. Dette gjaldt spesielt fargen på himmelen, kvifor han er blå om dagen og ofte raudleg ved soloppgang og solnedgang.

Nokre år seinare vart han professor ved det som idag heiter Technische Universität Berlin (TU) og òg privatdozent ved Universitetet i Berlin. Det var i denne perioden han skreiv det mest kjende arbeidet sitt Über die bewegende Kraft der Wärme om entropi[1] der han undersøkte meir nøyaktig korleis mekanisk arbeid kan utvinnast frå dampmaskiner eller frå varme meir generelt. Dei grunnleggande ideane var alt lagde av den franske ingeniøren Carnot. Clausius formulerte sine resultat i to fundamentale lover som er det fundamentale grunnlaget for dagens termodynamikk[2]. Den første termodynamikklova seier

1: Die Energie der Welt ist konstant

og gjelder bevaring av energi. Energi kan ikkje forsvinne eller oppstå av seg sjølv, berre gå over i andre former. Nokre år etter han hadde innført omgrepet entropi i denne samanhengen, formulerte han den andre termodynamikklova som

2: Die Entropie der Welt strebt immer einem Maximum zu

Denne fundamental naturlova fekk først si fulle forklaring av Boltzmann ved bruk av statistisk mekanikk for partiklane som utgjer substansen i det termodynamiske systemet.

I 1855 vart han utnemnd til professor ved ETH i Zürich der han blei til 1867. Her arbeidde han i ein periode med å betre forståinga av elektrolyse og foreslo at molekyla som bidrog, kunne løyse seg opp i mindre einingar. Dette var lenge før ein hadde nokon teori for korleis molekyl var oppbygd av atom. Clausius undersøkte på denne tida òg faseovergangar og fekk namnet sitt knytt til det som i dag blir kalla Clausius-Clapeyron-likninga som tidlegare var etablert av den franske fysikaren Clapeyron. Etterkvart gjekk forskingsarbeidet hans i retning av kinetisk teori der han innførte det sentrale omgrepet midlarar fri veglengd.

Etter mange år i Zürich kom han i 1869 til Bonn etter eit kort opphald i Würzburg. Hans siste, viktige bidrag til fysikken var etableringa av virial-teoremet i 1870. Det gjev ein streng relasjon mellom midlarar kinetisk og potensiell energi i eit stasjonært, mekanisk system. Teoremet er bl.a av stor tyding i astrofysikken der det la grunnlaget for den første påvisinga av svart materie i universet. Clausius døydde i Bonn i 1888.

Utmerkingar endre

  • 1859 - Innvalt som medlem i Institution of Engineers and Shipbuilders in Scotland
  • 1868 - Innvalt som medlem i Royal Society of London
  • 1878 - Innvalt som medlem av Kungliga Vetenskapsakademien i Stockholm
  • 1879 - Mottok Copley-medaljen i London
  • 1880 - Innvalt som utanlandsk medlem av Accademia Nazionale dei Lincei i Roma
  • 1880 - Innvalt som medlem i Vitskapsselskapet Leopoldina i Halle
  • 1882 - Mottok Poncelet-prisen i Paris
  • 1888 - Mottok ordenen Pour le Mérite für Wissenschaft und Kunst i Berlin
  • 1935 - Eit krater på månen fekk namnet hans av IAU

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Clausius, R. (1850), «Über die bewegende Kraft der Wärme,», Annalen der Physik 79: 368–397, 500–524. 
  2. Zemansky, Mark W. (1968), Heat and Thermodynamics, Mc-Graw-Hill Book Company Inc. 

Bakgrunnsstoff endre