Rudshøgda
60°54′47″N 10°48′40″E / 60.91306°N 10.81111°E

Foto: Sveinhaug, Mikkel/Hedmarksmuseet

Foto: Prestkværn, Håkon/Hedmarksmuseet
Rudshøgda er ei bygd midt mellom Brumunddal og Moelv i Ringsaker kommune i Innlandet. Staden har sidan 1980-talet endra seg frå å vere eit skogsområde til eit industri- og handelsområde. Rudshøgda ligg mellom dei tre mjøsbyane Hamar, Gjøvik og Lillehammer.
Rudshøgda er òg kjend for å vere heimstaden til Alf Prøysen, med Prøysenstua og Prøysenhuset som turistattraksjonar. Frå 1915 til 1994 var Rudshøgda tilknytt jernbanenettet gjennom Rudshøgda stasjon.